Sommarfugl i vinterland

Måtte draumen eg bar, bli sann, sommarfugl i vinterland

Draumen er knust, kjem aldri tilbake, kjem aldri til å bli sann. Wiljar er borte, barnlaus er fortida, notida og framtida. Med barn, men barnlaus, håplaus. Men likevel er ikkje livet lenger berre tomt. Vi ber sommarfuglen vår i hjartet, og vi kan sjå han overalt sjølv om vi ikkje ser han. Sommarfuglen dukka for første gong opp i det nye livet mitt då eg stirra i taket frå ei sjukehusseng. Det må ha vore skumring, for nokre av taklysa sto på, men ikkje alle. Utanpå lysrøyra var det eit slags gitter, og i gitteret til det avslåtte lyset glitra gjenskinet frå det andre lyset i alle moglege farger. Det var som ei funklande stjerne, eller ein sommarfuglveng som er nesten gjennomsiktig i sollyset, men berre nesten.

Då tenkte eg at Wiljar kanskje kjem til å fly rundt i verda som ein sommarfugl, med uhøyrlege vengeslag, og spreie glede hos dei som ser han. Alle blir jo glade av sommarfuglar, og alle kjem til å beundre han, for han er den finaste av alle.