Einsam - 80
Einsam
Eg vakna til einsemd, i eit halvmørkt rom, med berre sjukepleiarar og legar rundt meg. Den einsemda har eg kjent på så ufatteleg mange gongar gjennom dei siste åra. Det er einsamt å sitje i stua utan barnet mitt, sjølv om sambuaren er der. Det er einsamt å gå på tur utan barnevogn eller lubne barneføter som går ilag med meg, og aldri kjem til å gjere det. Det er einsamt å finne vegen i det nye livet.
Einsemda er der når eg sit i sosialt lag der alle har eit anna liv, dei fleste har barn, nokon har barnebarn. Eg har eit dødt barn, føler meg utanfor, fordi eg ikkje har barn som er vaken om natta, fordi eg ikkje har barn som skal på all-idretten, har magesjau eller vil gjere alt sjølv. Einsemda kryp opp i meg i familieselskap fordi familie ofte er definert som foreldre, barn, tanter, onklar, barnebarn – det som er i fokus, er det å bli stor, vaksen, eldre, samlast for å feire milepælar.
Familien min er sambuaren og meg, hunden og katta og eit enormt tomrom, skuggen av vårt barn.
Vi kjem aldri til å feira barnebursdag, konfirmasjon, 18-årsdag, dåp av barnebarn. Her om dagen funderte eg på kva som skjer med Wiljar si grav når vi er borte, for det er jo ingen etter oss som minnast han og tar vare på grava.
Å miste kontrollen
I den augneblinken vi fekk vite at Wiljar var død, mista eg kontrollen over livet mitt.
Dei første åra knakk eg saman når eg mista kontrollen over noko eg hadde planlagt. Det kunne vere så trivielt som at eg skulle dra heim etter besøk hos pappa og ferga blei innstilt, så eg måtte vente. Eg drog til gravlunden og låg knust og grein ved sida av Wiljar. Det har etter kvart blitt betre, eg taklar det betre når ting ikkje blir som dei var tenkt. Men til tider var det heilt forferdeleg, for det var små påminningar om at livet ikkje vart som planlagt – vi hadde venta på livet med Wiljar, og det vart aldri slik.
Paradokset er at eg trengte kontroll og planlegging, men eg orka det samtidig ikkje, orka ikkje å forhalda meg til framtid og planar, redd for at det ikkje skulle bli slik likevel. Var det nokon som spurte kva eg ville gjere, klarte ikkje eg å ta stilling til det, ta eit val. Det klarer eg framleis ikkje.
Eg klarer ikkje å bestemma meg for kva eg vil gjere, for alt eg vil er jo å ha Wiljar her – og det kan eg ikkje få.
Eg klarer ikkje å bestemma meg for kva eg vil gjere, for alt eg vil er jo å ha Wiljar her – og det kan eg ikkje få.
Kva skal eg fylle dagane med – og livet?
Tomt. Magen er tom. Huset er tomt. Barnerommet er tomt. Armane er tomme. Livet er tomt. Tida er tom. Tomleik overalt. Kva skal eg fylle tomleiken med, når Wiljar aldri kan vere her, når aldri noko barn kjem til å vere her og fylle det tomrommet. Eg sit heime i det tomme huset dag inn, dag ut, helg etter helg og må finne på noko. Eg må skape meg eit nytt liv.
Kva skal eg fylle tomleiken med, når Wiljar aldri kan vere her, når aldri noko barn kjem til å vere her og fylle det tomrommet.
Etter kvart har tomrommet vorte fylt av rastlause aktivitetar. Alltid på veg ein stad, på veg til noko. Sykling, kilometervis, timesvis, til kroppen er heilt tom.