Tekst 2 - Eg hadde klart å komme meg opp av sjukehussenga
Eg hadde klart å komme meg opp av sjukehussenga, opp av rullestolen, opp på beina, og slik sto eg der, seksti meter over havet og var glad for å stå på den toppen i blesten. Det første steget var gjort, og mange fleire skulle det bli. Eg kjende meistring, og eg trengte det.
Eg treng det framleis og må stadig finne nye mål, aller helst fysiske utfordringar over tid, bruke kroppen, kjenne at det blir betre når mørket verkar så langvarig, nesten uendeleg.
Medvandrar
Etter at Wiljar døydde, kom det ei bok, eit måleri, eit kort og eit par raude ullsokkar til meg i posten – pakka var frå Kaja. Boka har tittelen «Trøst» og inneheld mange korte tekstar som set ord på det ordlause. Sokkane var ferdigstrikka for å varme både føtene og hjartet, omsorga i orda «eg strikka dei for deg, fordi eg kan forstå om du ikkje orkar å gjere det sjølv no». Måleriet heiter «Medvandrere» og i kortet står det «det symboliserer at dokke ikkje er åleine». Kaja har rom for sorga, tristheita, glede, latter, rom for Wiljar og minnet om han. Kaja tør å bruke namnet hans, ho tør å spørje, ho tør å seie at ho ikkje har ord for det vi går igjennom, men likevel er ho der, litt lengre nordpå, men likevel ved mi side.
Kaja tør å bruke namnet hans, ho tør å spørje, ho tør å seie at ho ikkje har ord for det vi går igjennom, men likevel er ho der, litt lengre nordpå, men likevel ved mi side.
Det er ein heilt vanleg dag i det nye livet når det plingar i mobilen. Kaja har sendt eit bilete – ein brodert sommarfugl og ein tanke til oss, eit minne om Wiljar. Det varmar at Kaja fortel at ho tenkjer på han. Då kjenn eg inst i hjartet at også andre hugsar, at han ikkje er gløymd.
Å møte andre sine babyar
Eg elskar barn, babyar … den beste lyden i verda er barnelatter som boblar opp ifrå inst i magen. Den beste lyden, og samtidig ein lyd som no gjer meg så ufatteleg trist. Eg hadde ikkje berre gravlagt min einaste son, eg hadde òg måtta gravleggje mitt livs største draum – å vere mamma.