Skitur

Sjå for deg eit snødekt landskap, granskog med greiner som heng under snømengder, kvite fjell i bakgrunnen, strålande blå himmel og sola som skin mellom trea, éin meter nesten urørt snø og midt i det heile ei skiløype. Den einaste lyden du høyrer, er knirkinga av skia og stavane i snøen.

Dette er terapi, kjensla av å kunne ha det godt innimellom når naturen viser all si skjønnheit og ro, ingen å svare for, ingen å måtte skravle med om inkjeseiande ting.

I sånne stunder er eg takksam for at eg er her og kan oppleve dette, eg kjenner meg glad over å klare å nyte det, og eg kjenner meg trist fordi eg ikkje kan dele opplevinga med Wiljar.

Mengder med snø er noko av det beste eg veit. Eg såg fram til at vi kunne leike i snøen, ake, hyle av fryd. Men eg går åleine i det vakre landskapet, går på ski fordi eg ikkje har nokon å ake med, ingen som ropar i skrekkblanda fryd, græt av snøen i ansiktet, ingen som ropar «Mamma, meir!» – ikkje ein gong inne i hovudet mitt, for eg har inga førestilling om korleis stemmen hans hadde vore, korleis barna mine ville høyrast ut. Berre stille. Og knirking. Gode og triste tankar i stille. Og takksemd, fordi livet gir meg sånne dagar.