Innimellom kjem mørket

I dag er berre alt ein katastrofe. Snart er det fire år sidan Wiljar døydde og blei fødd. Dei fleste dagane er greie nok, nokre dagar er gode. Og enkelte dagar er berre kolsvarte. Tårene sit tett oppunder augnelokka, klumpen er stor i halsen og alt går til helvete – iallfall kjennest det slik. I dag er ein sånn dag. Den fine, vesle-store hunden vår har vore pjusk i nokre dagar. I natt vakna eg av eit smertehyl då han skulle flytte seg frå den eine sida av senga til den andre. Vi halta til stua der det var plass til ein madrass på golvet, og der søv vi vidare.

Tårene trillar for Wiljar. Tårene trillar for angsten over å miste det andre «barnet» vårt, han firbeinte som har gitt oss så mykje varme og glede i tomrommet etter Wiljar – han som vi kan dulle med. Tårene trillar for kjensla av å vere udugeleg som mamma, både for Wiljar som eg ikkje kunne beskytte og for hunden Pumba som eg ikkje kan ta smerta ifrå. Tårene trillar for alt som var, alt som ikkje blir, alt som kan skje. Tårene, sorga og redselen gjer meg tiltakslaus, og alt eg likevel tar meg til, går til helvete. Mjøl over heile kjøkkenbenken, ting som ramlar i golvet når dei ikkje skal, og stadig vekk tårene.

I dag freistar det å hive seg framfor eit digert køyretøy. Best å halde seg innandørs. I morgon blir det nok betre.