Då eg vart fødd 20. november 1989, var navlestrengen kveila rundt halsen min, og eg kunne ha døydd. Det gjekk bra, og etter nokre dagar på sjukehuset kunne mamma og eg dra heim, men det har fått meg til å undre: Kva om legane ikkje hadde løyst strengen i tide? Eller kanskje endå viktigare: Hadde eg vorte til om Anita hadde overlevd?
Desse to spørsmåla har eg bore med meg sidan eg var gammal nok til å høyre om mi avdøde storesyster.