Skulealder

Eg kjenner at det er veldig viktig å vere flink. Å gjere ting på rett måte. Eg er roleg av natur, men kanskje eg kan vere endå rolegare. Endå flinkare. Eg elskar å bade og symje, eg klatrar i tre og spring ute i skogen med bestevenen min, men eg har vanskeleg for å halde tritt i blant; å klare seksti-meteren på kort nok tid, å hoppe høgt nok, å skåre mål i fotball. Eg kan framleis verte betre.

Det gir meg ei kjensle av tryggleik å vere god på skulen, eg grip tak i kvart minste teikn på at eg har rett til å leve, alt som kan rettferdiggjere at eg finst. At eg finst i staden for henne. Eg seier det ikkje høgt, men eg tenkjer det.

I ein eksamensstil frå 2005 dukkar historia om Anita opp, og eg skriv: Nokre gonger er det som om ho aldri har eksistert, andre gonger kan eg sjå ho føre meg ut i frå babybileta. Ho har vorte 18 år og må bruke peparspray for å halde gutane unna. Ho går på festar og dansar, men drikk med måte, ho har sett kva ei overdriven mengde med alkohol har gjort med andre, og nektar å miste kontrollen på den måten sjølv. Eg er stolt av å vere veslesystera hennar. Me er glade i kvarandre og lar ingen tåpelege, umodne kranglar kome i mellom oss. Me held hender, gir kvarandre ein god klem, og går mot framtida saman.