Tekst 3 - Eg er ikkje redd for sorg - resten av historien
Eg er ikkje redd for sorg
Det er 2009, året eg fyller 20. Eg byrjar på Universitetet i Bergen og møter medstudentar som aldri har vore i ei gravferd. Som aldri har kjent nokon som har døydd. Det høyrest nesten uverkeleg ut for meg. Fyrst vert eg kanskje litt misunneleg, eller eg lurer i alle fall på korleis det er å leve eit liv utan den typen sorg, men det tar ikkje lang tid før eg kjenner på ei slags stoltheit og tryggleik.
Me har alle vårt å bidra med i dette livet, forma av arv og miljø, erfaringar, kunnskap og medfødd talent, og eg er ikkje redd for sorg. Eg har aldri vore redd for tema som er vonde å snakke om, vanskelege å dele, vanskelege å leve med. Du kan fortelje meg kva som helst, og eg kjem til å lytte. Eg meiner ikkje at eg har alle svara – det er ingen som har alle svara – men det dei fleste treng er nokon som kan lytte og tole, som kan ta imot, som kan gi dei ei omfamning.
Både i løpet av universitetstida og seinare i livet har menneske funne meg og fortalt meg om såra sine. Det er som om dei instinktivt veit at eg kan vere ei trygg hamn for livshistoriene deira, sjølv om dei ikkje har kjent meg så lenge – sjølv om dei kanskje ikkje kjenner meg i det heile tatt.
Eg ber denne tillitserklæringa, dette usynlege merket, med ærefrykt. Ei framand kvinne på båten spurde om eg kunne halde det to år gamle barnet hennar medan ho var på toalettet. Eit ukjent antal personar har bede meg om å passe på bagasjen deira medan dei handla i kiosken, eller var i billettskranken, eller skulle ut for å røyke. Ein skodespelar lente seg inntil meg og fortalde alle kjenslene og tankane ho hadde heldt inne dei siste vekene. Dei veit det kanskje ikkje, men eg ber dei med meg i hjartet mitt, alle saman.
Ein uro i botn
Eg er 17 år då eg vert tante for fyrste gong. Eg liker barn og har lyst til å vere ei gøyal tante. Joda, litt streng, men rettferdig og gøyal. Og det er ikkje det at eg ikkje leikar med niesa mi, eller dei neste seks tantebarna mine, men det ligg ein uro i botn. Eg ser for meg alt som kan gå galt. Dei må sjølvsagt få lov til å springe, dei skal lære seg fare og risiko og teste grenser. Dei skal vasse med mjuke føter i vestlandsfjordar, klatre i epletre, sparke fotball og få skrubbsår, men gjennom alt saman held eg pusten. Eg trur ein liten del av meg har halde pusten heile livet.
Kan hende det er ein av grunnane til at eg no, som 36-åring, ikkje har eigne barn. Eg veit ikkje. Det er eit val eg har følt har vore naturleg så lenge at det er vanskeleg å skulle tidfeste eller definere kva som kom fyrst eller kva som er kva, men eg har rett og slett aldri kjent på eit ynskje om eller behov for å få barn.
Likevel er det ikkje til å kome unna at eg har eit svært bevisst forhold til kor raskt og plutseleg det verste kan skje og korleis det er å leve med konsekvensane av det.
Kanskje eg har ville beskytte meg sjølv på eit vis.
Kor mange sysken har du?
Å verte spurt om ein har sysken, eller kor mange sysken ein har, er vanleg. Eg veit ikkje alltid kva eg skal svare. Det kjem an på situasjonen. Eg har ingen vanskar med å skulle dele at eg har ei storesyster som eg aldri har møtt, men det kjennest ikkje alltid naturleg å ta det opp. Og ein kan føle at ein legg ei slags byrde over på den ein snakkar med, om ein deler at storesystera eins døydde som baby og at ingen eigentleg veit kvifor. Det finst ingen fasit på korleis ein skal reagere når ein vert fortalt noko slikt.
Likevel kjenner eg òg på at det er viktig å kunne seie det høgt.
Det er viktig å kunne dele, det må vere rom for både lys og mørke.
Å kunne dele har vore ein stor motivasjon for meg då eg skulle bestemme meg for å vere med på dette prosjektet. Det finst sikkert like mange forskjellige hjarteplaster-historier som det finst hjarteplaster-barn. Likevel håper eg at det er mange der ute som kan finne trøyst i historia mi, noko å kjenne seg igjen i, noko som kanskje gir ei større forståing for korleis andre har det. Alle du møter i livet ditt er puslespel sette saman av gode og vonde minne, synlege og usynlege sår, og dess meir bevisst me er på det, dess meir empatiske og opne, dess betre trur eg me kan ha det i lag.
Eg rydda i garasjebua vår i dag, og midt i ryddinga fann eg bamsen til Anita saman med Donkey frå Shrek og fisken Nemo. Han har framleis ikkje fått eit namn, men bamsen har alltid vore elska. Eg trur faktisk at eg har tatt ekstra godt vare på han samanlikna med dei andre.
Neste gong nokon spør meg om kor mange sysken eg har, skal eg svare: "Tre: to brør og ei syster".
Historier som beveger
LUBs medlemmer bærer på sterke livserfaringer. Gjennom prosjektet «Historier som beveger» har medlemmer i LUB fått veiledning av forfatter Kjersti Wold i å skrive sin historie - både for å hjelpe seg selv og for å gi trøst, innsikter og gjenkjennelse til andre. Historiene er også spilt inn som podkast under Sorgpodden, i underserien Sorgpodden - Min historie.