Av: Hanna Huglen Revheim   Foto: Privat
Hør Hanna lese sin historie under Sorgpodden

Gravid og smilende Hanna med kjæresten stående bak
Ventetid: Lykkelege, glade og spente - klare til å bli foreldre for første gong. Fredfullt uvitande om all sjukdom, angst og sorg som ventar eit par dagar fram i tid.


Ho og han. Det startar i ein vinter. I iskald vind og tjukk, våt snø som klistrar seg til kleda. Den grå buksa har lagt seg som eit kaldt, tett lag om beina hennar. Vinden og snøen og dei to. Det er tidleg morgon. Brøytebilen er ikkje kommen enno. Snøen bles innover byen. Alle tre, veggar og vegar blir måla kvite.

Når blei det dei to? Når er det noko startar? Den dagen dei snakka om det, kanskje. Eller den dagen dei valde å ikkje gå. I tidleg, vestlandsk vår gror kjærleiken. Dei ligg på graset og snakkar saman. Et frukost på ein benk. Er forelska.

Dei fleste dagane som følgjer, er gode.

Eit tiår seinare er han og ho på veg ned frå gravlunden, saman med ei venninne. Dei går gjennom Kampenparken. Våren er alt forbi, varte berre i nokre veker. Den starta då Helena blei fødd, skein gjennom livet hennar, følgde ho inn i døden og ned i grava.

No har det gått to månadar og dei to foreldra går altså gjennom Kampenparken med ei venninne. Ho har bare leggar. Sommarbein. Venninna triller på ein sykkel. Det tikker lågt frå hjula. Dagen er i ferd med å gli over i kveld. Det varme lyset frå kveldssola fyller rommet mellom skuggane frå gamle trestammar og nyutsprungne blad. Det er som om lufta er måla med honning.
«Kva betyr namnet til Helena», spør venninna.
«Lys», seier ho.

Det ho ikkje seier, er at ho tenkjer at Helena er i lyset. I sola. Ho får seg ikkje til å fortelje det, men kvar dag ser ho rett på sola utan å blinke. Heilt til det gjer vondt og ho ser kvite og svarte prikkar etterpå. Tenkjer at ho sikkert er i ferd med å øydeleggje synet. Men ho ser og ser og ser på sola. Snakkar med Helena inni seg. Ber ei bøn om at tankane ber fram. At det finnast noko større, nokon som kan verne om den vesle og at dei skal møtast igjen. Om enn berre som nytt gras i ein vår mange år fram i tid. Eller noko anna. Berre så lenge det finns noko.
Alt dette er vanskeleg å seie høgt. Vanskeleg å forklare. Så ho spør heller:
«Kva betyr ditt namn?»
«Klar himmel», svarar venninna.

Seinare den kvelden, når han og ho ligg inntil kvarandre i den store senga på det tomme rommet, kviskrar ho at om dei får ei jente til, så vil ho at veslesøstera skal heite det same som venninna, Heida.
«Einig», seier han.

 

To mennesker prater sammen i parken
Vår: Venninna og faren, på tur over Kampen i kveldssola.

Av og til ligg ho og skrik ned i puta. Hyler av sorg. Trekk pusten inn gjennom skittent sengetøy. Kven bryr seg vel om å skifte laken når ungen din er død?

Han tenkjer: ho er utrøysteleg.

Av og til er det som at han lukkar seg inne. At det er ein kapsel omkring han, der ho ikkje når fram. Han vil vere aleine. Han treng rom til å puste. Ungen hans er død.

Ho tenkjer: kunne eg berre få bere smerta hans, også. Spart han for denne sorga, dette saknet.

Det tar lang tid før ho forstår at han må få lov til å bere smerta si aleine, at det er hans sorg - teikna ut av hans kjærleik.
Pappaen må få elske jenta si, og han må få lov til å sørgje.

Det er som å vere fanga i ein kollisjon. To bilar susar mot kvarandre. I brøkdelen av eit sekund blir livet kasta opp i lufta, ein veit ikkje kvar det landar. Så er smellet over. Eller - sånn skal det vere. Men denne kollisjonen varar ikkje i brøkdelen av eit sekund. Den varar i timar og dagar. Dreg ut i veker og månadar. År. Akkurat når dei trur at smellet er over, at dei skal få puste igjen, så rykker det til på ny.

***

Ho høyrer korleis andre mødrer snakke om fødslar som noko jævlig, samtidig som dei stråler av nybakt lykke.
Hennar fødsel var også jævlig.

Ho er i sjokk, ristar ukontrollert over heile kroppen. Er livredd når dei spring med ho i korridoren. Får ikkje puste. Det er ikkje tid til å snu sjukehusskjorta som nokon har kledd på ho bak fram.

Han spring bak. I heisen på veg opp, må han kle på seg kvit drakt, munnbind og hårnett. Ho ligg på benken, ser ingenting. Alt går for fort. Ho har vore innlagt i vekevis med alvorleg svangerskapsforgifting. Time for time, dag for dag. Ingen trudde at graviditeten skulle vare så lenge. No er dei nokre dagar forbi veke 28, det magiske talet. Frå no av er det håp.
Så snur verda på hovudet i løpet av eit par minutt.
Alt blir kaos.

 

Hanna tar selfie av seg selv på badet på sykehuset
Sjuk: Der ingen vil vere. Innlagt ved Observasjonsposten for gravide, Ullevål sjukehus.

Taket i operasjonsrommet er kvitt. Vårsola stråler inn i rommet. Midten av april er forbi, og endeleg er den lange vinteren i ferd med å smelte vekk. Ho ser på den grøne duken nokon har hengt opp over brystet hennar. Han sitt bak og held ho i handa.
Så seier legen «13:47».
Den andre legen svarar «13:47».
Endå ein person repeterer tidspunktet.
Nokon spring ut av rommet.
«Kva er det som skjer», spør ho.
«Gratulerer, nå er du mor», seier anestesisjukepleiaren.
«Var ho i live», spør ho.
Sekunda før ho får svar, er evig lange.
«Barnelegen har tatt henne ut av rommet for å arbeide med henne», seier anestesisjukepleiaren.
Det var ingen barnegråt.
Brystet snører seg saman, ho får ikkje puste. Lufta kjem ikkje inn.
Han lener seg fram, blå auger finn brune.
«Pust saman med meg», seier han.

Så kjem barnelegen tilbake. Alt går bra. Han skal få sjå si vesle Helena. Kjem tilbake til operasjonsstua som ein stolt pappa. Ho tenkjer at det stråler av blikket hans. Han går med så rak rygg.

Den dagen blømer kvitveisen langs dei bratte fjellsidene i vest. Besten plukkar ein liten bukett for sitt første barnebarn. Kvite, små blomar står på kjøkenbordet heime i Arna. Lauvtynne blad og grøn stilk. Besto sender eit bilete av dei til henne, der ho ligg etter operasjonen. Ho smiler i ørska.

Det første døgnet er ho for dårleg til å sjå jenta si, men han viser både bilete og film. Barnelegen kjem innom.
«Helena er veldig sterk og helt frisk. Puster på romluft», seier legen, og legg til:
«Dette kommer til å gå bra.»

Etterpå kjem ein sjukepleiar og seier «Jeg vil at du skal vite at legene bare sier sånne ting når de er hundre prosent sikre.»
Ho er enormt letta. Kjenner ro. Når han blir redd for den vesle, prøver ho å trøyste.
«Det kjem til å gå bra med Helena. Eg føler det på meg, eg kan kjenne det», seier ho.
Som om magekjensle betyr noko.

Dagen etter får mora møte barnet sitt. Trilla ned til nyføddintensiven i ei sjukeseng. Lukkeleg. Der ligg ho - vesle Helena, den finaste solstrålen. Ho er lita, men overraskande stor. Har runde kinn, lysebrunt hår og ein blå smokk. Gløtter med augo inne i kuvøsa. Dei er mørke. Spyttar ut smokken, skrik, blir roleg når ho får smokken tilbake. Er varm å ta på, skjør å halde rundt.
Mora gret av glede.
Nynnar på «Den fyrste songen».
Faren gret med henne, legg handa på skuldra hennar.
Dei er der saman, den nye familien, for første gong.

***

Morgonen etter vaknar ho med eit rykk. Ut av morfinsøvn, ut av svangerskapsforgifting og anemi. Det er som kvar einaste celle i kroppen skrik at no gjeld det - no må du passe på ungen din. Aldri før har ho kjent på ei liknande uro.
I rommet der foreldra søv, er det mørkt og stille. Ho ligg fanga i sjukesenga, kan framleis ikkje gå. Kjem på at dei hadde lova å ringe frå nyføddintensiven om noko skulle skje med Helena. Så ho sjekkar sin telefon, sjekkar hans. Det blå lyset flaumar ut i rommet. Ingen har ringt. Ho prøver å roe seg ned. Tenkjer at det er sånn som dette det er å vere nybakt mor. Alle er redde for ungane sine innimellom. Dette er normalt, tenkjer ho.

Så bankar det på døra.

«De ringte nedefra. Det har skjedd noe med barnet deres. Dere må komme ned», seier jordmora.
Faren og jordmora trillar sjukesenga gjennom korridorane. Mora ligg oppi og høyrer korleis det knitrar frå sengehjul mot linoleumsgolv. At det plingar i heisen. Dei er på veg mot kuvøserommet.

Dei veit, både ho og han, at dette ikkje lover bra. Men dei er ikkje førebudd på synet som møter dei når dei triller inn på rommet.
På eit lite, hardt bord ligg vesle Helena. Det rykker i dei små armane og beina medan legen står over ho, diger som eit fjell, og gjennomfører hjartekompresjonar.
Dunk, dunk, dunk.
Dei ferske foreldra ser på alt som skjer. På gjenoppliving.
Dunk, dunk, dunk.
Ein barnepleiar fortel at Helena blei akutt dårleg for omlag ti minutt sidan, og at dei ikkje forstår kva som går galt.
Dunk, dunk.
Gjennom faren sitt hovud susar tankane. Vonde tankar.
Dunk, dunk.
Mora opplever det som å vere fanga i eit vakuum.
Dunk.
Ingen seier noko.
Dunk.

«Døyr ho no», høyrer ho seg sjølv spørje.
Legen og barnepleiaren ser på kvarandre.
«Nå er det ikke mer vi kan gjøre», seier barnepleiaren, og spør:
«Vil du ha henne på brystet?»

Den ferske mora har dårleg tid. Får ikkje kommunisert med fingrane sine, fomlar med knappane. Er redd Helena er død før ho rekk å legge ho hud mot hud. Har lyst til å brøle: «FORT! FÅ HO NO!»
Så er ho der, innanfor sjukehusskjorta. Morshjartet slår hardt mot brystkassa, som om det slår for to. Ho bretter skjorta si varsamt om den vesle kroppen. Kviskrar til jenta si:
«Kjære stakkars, litle ven. Tenk at det skulle ende sånn».

Rundt mor, far og Helena susar det frå dei andre kuvøsane i rommet. Innimellom tre pustande babyar blir desse to foreldra tvungne til å følgje si dotter inn i døden.

Dei koser med Helena, bytar på å halde henne. Kyssar ho, fortel Helena kor høgt ho er elska. At ho alltid vil vere elska. At ho ikkje skal ha det vondt. Dei gret. Dei skrik. Dei bryt saman.
Ein gong når mora stryk Helena over foten forstår ho kva som skjer. Tærne er blitt kalde.
Ho veit at no er døden her, døden tar over kroppen. Livet gir slipp.
Dei får det aldri tilbake.

Han som skulle bli stolt pappa på trilletur, blir i staden ein mann som triller kona si i rullestol opp og ned frå stillerommet der dei besøker si døde dotter. Mellom etasjane må dei bruke heisen ved fødeavdelinga og barsel, for den andre heisen er ute av stand. På denne delen av turen legg ho som regel eit lyseblått teppe over seg. Som spøkelseskladden sitt ho der. Orkar ikkje sjå på dei lukkelege framande. Orkar heller ikkje at dei ser på henne. Det er som om blikka brenn i huda. Tapet blir spegla i framand lukke.
Og han står der bak ho, alltid.

***

Dei ber om hjelp og får snakke med ein psykolog. Blir fortalt at sorg ikkje er ein sjukdom. Derfor får dei heller ikkje behandling. Traumet dei står i, blir verande usnakka. Etterpå følgjer ei rekke med avtaler og oppgåver. Taktfast løyser dei det saman. Planlegg gravferd og inviterer folk. Prøver å rekne på kor mange det er plass til i kapellet. Vel musikk. Lagar hefte. Finn songar. Skriv minneord. Vel blomar. Vel tekst til bårebuketten. Skriv brev.
Legg Helena i kista. Fyller den med minner, blomar og kjærleik. Syng for dottera si. Koser med ho. Gir ho eit siste kyss. Tar farvel. Legg på det kvite lokket. Skrur lokket igjen. Fire kvite skruar, dei tar to kvar. Ho slit med den som er oppe til venstre. Får liksom ikkje tak om skruen. Fingrane er stive. Han hjelper. Løfter kista opp. Legg kista i den vesle bårevogna. Lar gravferdsdama trille den ut av rommet. Kollapsar.
Veit
Veit
Veit at dei aldri
aldri
       elska unge
Veit at dei aldri skal få halde, kjenne, stryke, kose, kysse, høyre, lukte eller sjå Helena igjen.

Seks dagar etter døden følgjer dei dottera si til grava. På bileta derifrå står den ferske mora og smiler. Hjernen er skrudd av og kroppen handlar i kjente mønstre.

 

Foreldrepar bøyd over barnekisten, omkranset av gravkranser og buketter
Gravferd: Ei siste stund med Helena. Seremonien er over. Etterpå skal dei løfte ho opp, bere ho forbi alle sine kjente og kjære, og ta dottera si med på hennar første og einaste køyretur.

Har dei eller hadde dei ei dotter?

Sorga er kvit og fyller sjel og rom.

Gong etter gong lyttar dei til musikken som dei spelte for Helena i gravferda.
«Blood of the sun» det svir i augo.
«Into my arms» det riv i sjela.
Det repeterast og repeterast. Ingenting bringer Helena tilbake.

***

Eit par veker før jul får dei vite dødsårsaka. At Helena var frisk og sterk, men at eit navlekateter tok livet hennar. At ingenting tilsa at dette kunne gå galt. At ho ikkje hadde vondt. At det var ei ulykke. At også ein frisk vaksen ville døydd av det same. At dette eigentleg ikkje kunne skje, men likevel skjedde. Ein feil. At ingen forstod, før det var for seint. At dei tek det tungt, dei som jobbar der. At dei ikkje kunne gjort noko annleis. At dottera blei drepen av det som skulle gje ho liv. At Helena var sterk. At Helena skulle levd.

Tomrom.

Du vaknar i den same senga som du har vakna i før. Som du vaknar i kvar dag. Slår opp augo. Men soverommet er ikkje heilt som før. Ikkje gangen heller, eller kjøkenet eller stova. Det er som om nokon har måla over alle flater i nye, nesten identiske fargar. Likt og ulikt. Dei kjende lydane er vekke, dei som du tok for gitt. Og alt luktar nytt. Inni deg er det eit forvirra kaos. Nye dører er opna, og du ser avgrunnar i deg sjølv.

Desse to foreldra vart dytta over ein terskel som ingen vil passere. På ny skal dei finne ut av korleis dei to kan fungere saman. Finne ein veg med nok plass til begge, for dei er kvar for seg livredde for å bli ståande att aleine.

Dei går inn i vanskelege tankerekker.

For ho blir det bortimot umogeleg å snakke om Helena. Er redd for å seie noko feil, gjere livet verre. Prøver i beste meining å styre hans kjensler.

Han vil ikkje la ho trøyste. Vil ikkje legge børa si over på ho. Trekk seg tilbake.

Parterapeuten har sagt at dei skal klemme ofte og lenge. At det finns eit lykkehormon som blir skilt ut etter seks sekund med hudkontakt. Så dei står der ofte, på kjøkenet eller i gangen. Held hardt omkring kvarandre. Trygg kropp under hendene. Pustar inn lukta av kvarandre. Tel inni seg:
«Tusenogein, tusenogto, tusenogtre, tusenogfire, tusenogfem, tusenogseks».
Held klemmen litt til, for sikkerheits skuld.

Begge vil dei hjelpe kvarandre. Sakte finn dei ut av ting. Flokar til og nøstar opp. Finn saman, gir rom.

Så kjøper dei seg hund. Ein liten ven på fire bein, nokon å ta vare på. Dagen før hunden flyttar inn, er dei på dyrebutikken. Kjøper alt saman. Fyller på med pipeleiker, tørka godteri og fine halsband i eit krater av eit svart hol. Det hjelper litt. Dei gler seg, flyttar fokus.
Når ho hulkegret i sofaen sett Tiki seg framfor ho og prøver å gi labb. Slikkar vekk ei tåre. Flyttar fokus.
Framande har spurt om hunden er erstatning for barn. Kanskje trur dei at det er morosamt, ein slags vits. Ho har aldri våga å svare ærleg.

Han på tur med hunden
Trøyst: Tiki og han, han og Tiki. Ein firbeint ven i nauda.


Han treng innimellom å vere aleine. Puste, tenkje. Få rom. Han lagar musikk, måler. Dediserer ei plate til Helena. Kjennes som om alt han lagar er til ho.

Ho søker i bøker og ord. Etter trøyst, men også etter å finne igjen seg sjølv. Å finne ut av kven og korleis ho er. Ein dag les ho dette diktet av Naja Marie Aidt:

«Har døden tatt noe fra deg
så gi det tilbake
gi dét tilbake
som du fikk av den døde
da den døde var levende
da den døde var ditt hjerte
gi det tilbake til en rose,
et kontinent, en vinterdag,
en gutt som ser deg an
fra hettens mørke»

Sjeldan har tekst gitt meir meining.

Ho leiter vidare etter andre mødrer. Dei som veit korleis denne sorga er. Kor stor, kor djup, kor sterk. Leiter etter fellesskap. Leiter etter verdas tristaste barselgruppe.

Ingen klokker kimar for Helena.
Det er berre stille tårer og slitne hulk.

Ein kveld i livet etterpå, renn det over. Bokstaveleg talt. Eit glas kvelvar ut over nattbordet. Vatnet renn nedover og inn i skuffer. Plaskar ned på golvet i ein veksande dam.
«Dette blir for mykje», seier ho. «No vil eg ikkje meir.»
Då legg han seg inntil henne, held rundt. Seier at no skal dei lage ei liste over fine ting. Annankvar gong skal han sei noko, annankvar gong er det hennar tur.
«Blå himmel»
«Lukta av gras»
«Når det glitrar i sjøen»
«Den gongen vi var hos ein spåmann i Hong Kong»
«Når sola snur og alle dagar blir lysare»
Der og då er det både latterleg og teit. Banalt. Inni ho er det holt, og i holrommet finns berre mørke.
Men så hjelper det likevel.
Og det går an å puste.
Og det går an å leve.
I ettertid tenkjer ho at dette er noko av det finaste nokon har gjort for henne, nokon gong.

Det finst ein sprekk i alt, og slik slepp lyset inn, syng Cohen.

***

Ni månadar seinare byrjar magen å vekse på ny. Saman er dei glade, redde, triste. Ein ny vår passerar, sommaren glir forbi.

 

Foreldre og hund på graven til Helena
Saman: Pappa, mamma, Tiki og Helena. Heida er i magen.


Den siste helga i september har hausten for alvor festa grepet om Oslo. Det har regna tett i dagevis. Men søndag ettermiddag bryt skylaget opp. Klokka 18.11 den kvelden, kjem veslesøster Heida til verda. Utanfor vindauga strekk himmelen seg rosa inn i horisonten. Kveldslyset fyller rommet.

Har dei eitt eller to barn? Er dei ein familie på tre eller fire? Dei svarar både det eine og andre. Det er ikkje så lett.
Men dei er fire.

Dei er i Helena, og Helena er i dei. Ein kan ikkje ta eit ledd ut av historia, for alt som kjem etterpå er eit resultat av det som var. Og det som var, blir ein del av det som er no. Som når han varsamt tek hand om tomatplantene ute på balkongen. Han dyrka aldri tomatar før den sommaren, men starta med det etter. Sår frø, vatnar, steller og skifter jord. Lar plantene vekse, bløme og bere frukt.
Utan Helena, ingen tomatar.

Innimellom skriv ho. For seg sjølv, for dei. For barna som kom. For barna som kanskje kjem. For å ikkje gløyme. For å – kanskje på sikt – sleppe andre inn.
For å fortelje om kjærleik.
For å romme Helena.
For å la lyset skine ut gjennom alle sprekkane.

No er dei to år inn i dette nye. Ein liten augeblink, og ei heil æve. På gode dagar kan dei kjenne ei nærleik. Ute i naturen med gras under føtene, eller når ei humle susar forbi.
           Ta med ei lita helsing, brukar ho å kviskre då.
                      Ta med ei lita helsing til jenta mi.

 

Graven til Helena på kvelden, lykter tent, barnevogn står i bakgrunnen.
Lyset: På årets siste dag, 2019.

 



Hør historien i Sorgpodden

Her leser Hanna selv sin historie. Hør også Hannas kommentar til slutt, der hun setter fokus på hvor lite hjelp det er å få etter en slik traumatisk opplevelse.
 

Historier som beveger - et prosjekt støttet av Stiftelsen Dam

LUBs medlemmer bærer på sterke livserfaringer. Gjennom prosjektet «Historier som beveger» har medlemmer i LUB fått veiledning av forfatter Kjersti Wold i å skrive sin historie - både for å hjelpe seg selv og for å gi trøst, innsikter og gjenkjennelse til andre. "Saman" er femte historie som publiseres.

Les mer om prosjektet her

i

Les også historiene:

Arven etter Alma / I ruinene av ditt liv forsøker vi å gå videre / Idas historie / Saman / 17 minutter / Døden banker på døra / Et barnebarn på lånt tid / Kjære Samuel - Om å miste en lillebror