Enkelte gonger set eg meg på sykkelen midt på natta og kjem heim etter fleire mil og fleire timar.

Sykling, fjelltur, gåing, springing. Alltid eit eller anna for å unngå å berre sitje i ro, unngå sofaen og det tomme huset.

Likevel vert eg sitjande der og stira ut i lufta altfor lenge, altfor ofte.