Eg kjenner meg rastlaus og samtidig orkar eg ikkje å gjere nokon ting. Rastlaus, rotlaus, tom, på veg og likevel retningslaus, i villreie.
 

Små steg i det nye livet

Ein dag klatrar eg opp ei lita høgd, ein bump i terrenget, kanskje seksti meter over havet, men det kjendest som ein siger over tyngdekrafta som drog meg ned i mørket, tyngdekrafta av sorga. Ikkje alle fjelltoppar må vere så høge for at man skal kjenne meistring.

Eg hadde klart å komme meg opp av sjukehussenga, opp av rullestolen, opp på beina, og slik sto eg der, seksti meter over havet og var glad for å stå på den toppen i blesten.