I mai 2021 startet noen frivillige i LUB opp nytt fylkeslag i Møre og Romsdal. Den nye lederen møter du her:

Mitt namn er Marte Oline Vågnes Slettebakk, og eg er 27 år, utdanna lærar og bur i Sula kommune i Møre og Romsdal. Eg bur med mannen min Alexander, tre barn, ein katt og to griser.

I tillegg har eg eit barn som ikkje bur her med oss. Hans namn er Loke og grunnen til at eg er aktivt medlem i LUB.

Marte Oline med lille Loke på fangetLoke (bildet) døydde i 2015 når han var 7 månadar gammal i krybbedød. Denne opplevinga har delt livet mitt inn i før og etter og prega meg på godt og vondt. Loke har lært meg meir enn nokon andre den korte tida han var her, og eg har fått meir forståing ikkje berre for mi eiga, men andre si smerte og lidning. Loke har lært meg at livet ikkje er svart-kvitt. Alt er ikkje berre godt eller berre vondt.

Gjennom min aktivitet i LUB håper eg å kunne gi nyramma menneske litt håp - eit håp om at ting blir betre sjølv om det akkurat no føles heilt håplaust. Det er godt at det er eit aktivt fylkeslag igjen i Møre og Romsdal. Det trengst og vi håper på god aktivitet i åra som kjem.

Fordi ingen skal stå åleine i sorga over å miste eit barn! ❤️

Lokes grav med de tre søsknene rundt