Kransebinding

I samband med allehelgensdag inviterer LUB Møre og Romsdal til kransebinding for etterlatte foreldre.
Vi har fått med oss dyktige Sissel Andenes til å vise oss eksempel på ein fin haustkrans, og til å sette saman kransar som vil vere fine på gravstadane fram mot jul.
Vi ynskjer med denne stunda å skape ein sosial arena der ein kan møte likesinna, og få ei fin stund rundt ein felles aktivitet. Arrangementet er gratis, og forbeholdt foreldre som har mista eit born.
Vi stiller med alt av utstyr, hovudsakleg med naturmaterialer. Dersom ein ønsker noko spesielt i kransen kan ein gjerne ta med ekstra pynt sjølve.
For å melde deg på, gjer ein av følgande:
- Finn arrangmentet på Facebooksiden til LUB Møre og Romsdal og trykk «skal» på arrangementet (link her)
- Send oss ei melding på Facebook (link her), eller
- Send ein e-post til lub.moreogromsdal@gmail.com
Vi vil råde til å vere tidleg ute, då det kan bli avgrensa med plassar.
Påmeldingsfrist 23.10.2022!