15. oktober er den internasjonale minnedagen for born som døydde i svangerskapet og i byrjinga av livet. Denne dagen går ei bølge av lys rundt kloden når lys vert tent i alle tidssoner klokka 19.

LUB Møre og Romsdal ynskjer alle hjarteleg velkomne til Mosmarka barnehage i Ørsta klokka 18. Her startar me med enkel servering til alle, og muligheit for teikning og leik for borna. Det vil også verte høve til å skrive ned namn på borna me saknar, og desse vil verte lest opp ute.

Ca 1845 beveger me oss ut, der det klokka 19 vil verte tent faklar for borna me har mista.

Arrangementet er ope for alle som saknar eit born, både familie, slekt, venar, bekjente, naboar etc. Ein treng ikkje vere medlem i LUB for å kome 🙂 

Hjarteleg velkomne til ei fin stund saman med oss i Landsforeningen Uventet Barnedød Møre og Romsdal.

Les mer om Wave of Light her.