15.oktober er den internasjonale minnedagen for born som døydde i svangerskapet og i byrjinga av livet. Denne dagen går ei bølge av lys rundt kloden når lys vert tent i alle tidssoner klokka 19.

LUB Møre og Romsdal ynskjer alle hjarteleg velkomne til Bakk-Ola-marka i Ørsta klokka 18:30. Ta gjerne med lys, faklar eller bilete og andre minner om born de vil minnast. Lysa blir tenkt klokka 19:00.

Arrangementet er ope for alle som ynskjer, både dei som har mista born, foreldre, sysken, familie, slekt, eller andre som vil vere med på ei fin stund i lag med oss.