Laurdag 11. februar kl 12 er det årsmøte i fylkeslaget LuB Nordland. Årsmøtet er open for alle medlem i fylkeslaget og føregår digitalt på Teams. Lenke er tilsendt alle registrerte medlem på epost. Har du problem med å finne lenka eller spørsmål, send oss ein epost til lub.nordland@gmail.com.

På årsmøtet vil vi presentere årsmeldinga og rekneskap for 2022 og velge  representantar til styret. 

Årsmøtet er ein fin arena for å bli kjent med styret i LuB-Nordland og få eit lite innblikk i kva vi gjer for våre medlem gjennom eit år. 

Vel møtt!