Kafétreff i Sandnessjøen
Vi inviterer til kafétreff på Kaffekverna i Sandnessjøen torsdag 27.6. kl 17
Kjære foreldre og besteforeldre,
Vi ynskjer å invitere dokke til kafétreff i Sandnessjøen på Kaffekverna (på Alti-senteret, tidlegare AMFI) torsdag 27.6. kl 17-19.
På kafétreff kan vi foreldre og besteforeldre som har mista barn/barnebarn møte andre i liknande situasjon over ein kopp kaffi, skravle og bli kjent. Arrangementet er kun for vaksne.
Nokon av oss har mista barn for ein del år sidan, andre ganske nyleg, i Landsforeininga uventa barnedød har vi rom for alle. Syns du det er skummelt å kome åleine, kan du gjerne ta med deg ein venn. Usikkerheit er vanleg, men dei aller fleste opplever det som meiningsfylt å møte andre etterlatte foreldre.
Velkommen
Gi gjerne tilbakemelding om du blir med ved å sende epost til lub.nordland@gmail.com