Kjære medlem,

Vi i LuB Nordland ynskjer å invitere dykk medlem til sosialt samvere med middag på Lamesa Asian fusion Restaurant i Sandnessjøen fredag 9. Juni kl 19. Dette arrangementet er for vaksne. 

Dette er eit tilbud for foreldre og besteforeldre som har mista barn eller barnebarn for å møte andre i ein hyggeleg atmosfære for å spise god mat og prate om akkurat det man føler for. Vi vil gjerne bli betre kjent med våre medlem og skape fine opplevingar ilag. LuB Nordland betaler for maten, men alle betaler sjølv for drikke. 

Under følgjande lenke kan du finne restauranten si Facebook-side og ta ein kik på menyen. 

https://www.facebook.com/lamesaasianfusion

Invitasjonen rettar seg fyrst og fremst mot dykk som bur på Helgeland, men dersom medlem frå andre steder i fylket er i området, er de også hjartelegst velkomne. 

For å kunne bestille bord i god nok tid, må vi setje påmeldingsfrist torsdag 1. juni.

Du kan melde deg/dykk på ved å sende epost til lub.nordland@gmail.com 

Vi gleder oss til å møte dykk!