LUB Vestland ønskjer medlemmar i Indre Sogn velkommen til kransebinding på Kaupanger tysdag 6. desember kl. 18 til 21. 

Me har vore så heldige å få gåvemidlar frå Luster Sparebank til gjennomføring av arrangementet og får god vegleiing frå vår kranse-instruktør Heidi undervegs i prosessen. 

På kransebinding møter du representantar fra styret i LUB som har gjennomført kurs i sorgstøtte, og som deler erfaringa med å miste barn.

Stemninga er uformell og me ønskjer å skape eit trygt rom for alle deltakarar. Jul og høgtider kan vera vanskeleg og me håpar at dette arrangementet kan vera ei positiv oppleving der me lagar kransar eller andre gravdekorasjonar. 

Arrangementet er for medlemmar og det er ikkje mogleg å ta med seg barn.

Det er bindande påmelding og ei deltakaravgift på 100 kr. Dette inkluderer alt av utstyr og materialar. Arrangementet er støttet av Stiftelsen Dam.

Du melder deg på slik:

- Vipps 100 kr til 94038 og merk med "Kransebinding Sogn"
- Send kvittering/screenshot til lubvestland@gmail.com
- Skriv også navn og telefonnummer i e-posten

Velkommen!

Helsing styret