15 Oktober er den internasjonale minnedagen for barn som døydde i svangerskapet og tidleg i livet. Ei bølgje av lys går rundt kloden når lys blir tende i alle tidssoner klokka 19:00.

Me ønskjer velkommen til Wave of light arrangement på Kvild kafè på Pyramiden i Gaupne. 
Det blir god kaffi og enkel servering attåt, hyggelege samtalar og felles lystenning kl 19:00


Arrangementet er opent for både foreldre, besteforeldre og andre som har opplevd å miste eit barn i familien. Dersom du tek med deg nokon som ikkje har svart "skal" på facebook så gi gjerne beskjed slik at me veit kor mange som kjem. 
 

https://facebook.com/events/s/wave-of-light-2024-sogn/840297388282741/?