Det prekære rommet for sorg: Sjukmelding som tvitydig tema i etterlatnes forteljingar

Av Ellen Kristvik

Jeg har aldri vært høyere oppe enn jeg var før dette skjedde. Alt var så bra, og det var så nærme til fødsel. Alt var bedre enn det noen gang hadde vært før, ikke sant! Og så blir det plutselig verre enn det noen gang har vært. Og den avstanden!

Desse orda kom frå Gerd, ei av dei eg møtte undervegs i arbeidet med eit forskingsprosjekt som handla om det å miste eit barn før det blir fødd. Etterlatne foreldre etter 25 dødfødslar hadde sagt ja til å bli med. Eg ønskte å høyre kva dei hadde å seie om kva som hadde vore til hjelp, og kva som hadde vore til hinder for sorgprosessen, og møtte dei til samtale på to tidspunkt: først nokre månader etter tapet, og så igjen etter at det hadde gått minst eit år.

Samtalane vart lange, og dekte mange aspekt ved det å miste eit barn i dødfødsel. Eg var i utgangspunktet spesielt opptatt av korleis ein tar farvel med nokon ein ikkje har fått sjanse til å lære å kjenne, men la vekt på at foreldra sine eigne forteljingar, og det som kjentest viktig frå deira perspektiv, fekk kome fram. Og den første artikkelen eg kom til å skrive frå dette materialet, handlar om sorg og sjukmelding.

Sitatet frå Gerd var karakteristisk for det eg høyrde frå mange av dei andre foreldra eg møtte. Tapet av barnet dei venta hadde snudd opp-ned på tilveret deira og prega dei djupt. Dette hadde også fysiske utslag. Overveldande trøyttleik og utmatting gjekk ofte att. Gustav, mannen til Gerd, sa det slik:

Vi er slitne! Selv på dager hvor vi ikke har gjort noe som helst. Men fy søren – vi er slitne! Vi har stått seint opp, og gått tidlig til køys – rett i søvn, begge to!

Jeg gikk til kontoret en dag, og den dagen sovna jeg sittende. Jeg våkna og var våken en time, og så sovna jeg en gang til sittende i sofaen. Altså: Da er man sliten! Man skal ikke sitte og sove.

For dei fleste etterlatne foreldra var konsentrasjonsevna og den mentale kapasiteten sterkt redusert. Dette kunne kjennest både forvirrande og urovekkjande, slik det også gjekk fram av Lisbeths forteljing:

Sorg er så mangt, det har jeg forstått i ettertid. Når en tenker på sorg, så tenker en på at en er lei seg. Men sorg er ikke bare det å være lei seg. Det kan kjennes som en veldig uro, for eksempel. Jeg sleit med hukommelsen, jeg sleit med konsentrasjonen. Og jeg hadde frykteleg sånn tankekaos og tankekjør.

Jeg visste ikke noe om det da. Men det kan gå så langt som at en lurer på om en holder på å bli gal, ikke sant! Man tenker at nå bikker man over.

Å møte andre i denne sårbare situasjonen opplevde mange av dei eg snakka med som svært krevjande. Spesielt når dei møtte nokon for første gong etter det som hadde hendt. Gerd fortalde om den gongen ho gjekk innom jobben kort tid etter tapet. Ho hadde eit praktisk ærend, og hadde blitt oppmoda til å gå.

Jeg tok heisen opp i femte etasje. Og det ble sånn som det veldig ofte har vært når jeg møter noen jeg kjenner: Jeg begynte å grine med en gang. Jeg gikk ut av heisen, og begynte å grine. Da kom de alle sammen, og jeg satt der og snakka i tre timer. Jeg viste bilder, og de fleste ville jo se, men det var ikke alle som orka det. Og etterpå – jeg veit ikke helt - jeg følte at jeg hadde vrengt hele sjela mi der og da.

 

 

Kristvik
Ellen Kristvik er sosialantropolog og arbeider som forskar med Avdeling for helsetjenesteforskning (HØKH) ved Akershus Universitetssykehus. Foto: Tove K. Breistein/Det Norske Samlaget.

 

Relevante forordningar for arbeidsfritak etter tap av barn i dødfødsel i Noreg

Sorg er ei gjennomgripande og beslagleggjande erfaring, og å vere sørgande kan ha store konsekvensar for arbeidskapasitet og funksjonsevne. Utslaga liknar mykje på symptoma på depresjon. Men medan depresjon er ein diagnose med tilhøyrande behandlingstilbod, er sorg ein naturleg reaksjon på ein spesiell livssituasjon, som framfor alt krev tid og rom for bearbeiding.

Rom for sorg har vore del av kulturelle riter og forordningar etter dødsfall i mange tradisjonar. Klesdrakt og andre former for ytre markering har indikert ein spesiell situasjon, med unntak og fritak frå sosiale plikter. Dei to ordningane for fritak frå arbeid etter tap av barn i dødfødsel som gjeld for norske arbeidstakarar i dag, er morspermisjon og sjukmelding.

Det norske velferdssamfunnet er kjent for å ta godt vare på folk, og ordningane for gravide og fødande utmerkar seg i internasjonal samanheng. I samsvar med ei auka forståing for fars rolle i byrjinga av livet, har mor og far blitt stadig meir likestilte i dei fortløpande revideringane av foreldrepermisjonsordninga. Men når barnet døyr før det blir fødd, er morspermisjonen korta ned til seks veker, og far har ingen rett til permisjon.

Grunngivinga for permisjonen verkar då redusert til ein form for medisinsk logikk som ikkje tar høgd for kva det vil seie å miste barnet sitt, verken for mor eller far. Den anerkjenninga av fars rolle som pregar den gjeldande ordninga for foreldrepermisjon, er ikkje til stades i retningslinene for permisjon etter ein dødfødsel.

Nokre få av dei eg møtte, hadde gått tilbake til jobb utan sjukmelding. Blant desse var det fleire menn enn kvinner. Dette kan tilsynelatande stadfeste stereotype førestillingar om kjønn og sorg: Menn blir hevda å vere mindre kjenslemessig ekspressive enn kvinner, meir retta mot problemløysing, og mindre innstilt på konfronterande sorgarbeid.

Blant dei eg møtte, var det fleire menn enn kvinner som snakka om rastløyse og behov for distraksjon som ein måte å handtere sorga på. Men i intervjusituasjonen var mange av fedrene like emosjonelle som partnarane deira, og tok like ofte til tårene når dei snakka om det som hadde hendt.

For dei som klarte seg utan sjukmelding, handla det delvis om posisjonar som var sjølvstendige nok, og leiarar som var velvillige nok, til å leggje tilstrekkeleg til rette, iallfall for ei stund. Men dei aller fleste eg snakka med, var avhengige av ei legeerklæring og utskriving av sjukmelding for å få innvilga den tida dei trengte.

 

Fleire sider av sjukmelding av sørgande frå perspektivet til etterlatne foreldre

Ingen av dei etterlatne foreldra eg snakka med, hadde hatt problem med å få sjukmelding når dei spurte om det. Men det var fleire som opplevde det som svært problematisk at sjukmelding var den einaste måten å få rom for sorg.

Ragna kjende seg tvungen til å be om sjukmelding etter at permisjonstida var over. Med arbeid innanfor akuttmedisinsk beredskapsteneste kom det ikkje på tale at ho gjekk tilbake i jobb etter seks veker. Ho kjende seg slett ikkje klar til å gå tilbake til jobben heller, men oppfatta seg ikkje som sjuk. Sjukmeldinga kjentest som eit nederlag:  

Seks uker, hvor mye er det, da? Hvis du har behov for noe mer enn det, så må du jo sykmelde deg. Og det hadde jeg i hvert fall ikke lyst til. Det var et nederlag for meg, det å måtte være sykmeldt. Jeg synes det skulle vært mer valgfritt, og at forlenget morspermisjon skulle være et alternativ.

Seks uker? Det er helt rått, synes jeg. Det er mange fysiske ting som man skal være ferdig med når man er klar til å jobbe. Og så trenger man tid til å lappe saman psyken. Ikke fordi man er så lei seg hele tiden, men fordi man er så utmatta. Denne sorgen tapper deg for krefter. 

Ein av fedrene eg snakka med, reagerte også sterkt på meldinga om at han måtte be om sjukmelding for å få fri frå arbeidet rett etter at han mista eit barn i dødfødsel. For han handla det også om å bli anerkjent som far, og aksepten for at den sonen han mista, var eit verkeleg barn. 

På forhånd fikk jeg vite at jeg ville få to ukers permisjon etter fødselen. Alle fedre har rett på det. Men når det kom til stykke, og jeg snakka med sjefen, sa han at det beste var at jeg fikk sykmelding fra dag en. Jeg har prøvd å få dem til å forstå: Vi har født et barn, og hvorfor skulle ikke jeg få de samme rettighetene som andre arbeidstakere? Men de har ennå ikke vært i stand til å forstå det.

Dette er veldig viktig for meg. Både rent prinsipielt, og fordi jeg vil at firmaet som jeg jobber for, skal anerkjenne barnet mitt.    

Sorg og sjukmelding: Ei anna verd er mogleg

Samtalane mine med etterlatne foreldre viste eit stort behov for rom for sorg. Dei fleste fekk innvilga dette gjennom sjukmelding. Men fleire av dei eg snakka med, gav uttrykk for at dei opplevde sjukmeldinga som misvisande og audmjukande, og at det innebar ei redusering av det dei hadde opplevd.

Tidsramma til datainnsamlinga til denne studien let ikkje slike aspekt kome fram, men LUB og andre har peika på at sjukmelding på grunn av psykisk ubalanse og depressivitet er noko som kan slå tilbake og vere til hinder for framtidig forfremjing og forsikring. På eit samfunnsmessig plan bidrar sjukmelding av sørgande til å usynleggjere konsekvensane av sorg. 

Sjukmelding av sørgande er ikkje det einaste verkemiddelet ein kan ta i bruk for å gi rom for sorg. Sorgpengar, som LUB lenge har kjempa for, og m.a. nyleg er innført i Danmark, kunne vere eit reelt alternativ. Skilnaden er ikkje økonomisk. Ettersom det er snakk om menneske som alt er sjukmelde, med offentleg støtte, er ikkje dette noko som ville koste meir for samfunnet. Det er heller ikkje snakk om ei stor gruppe. Men det kunne bety svært mykje for dei det gjeld. 

Tapet av ein som er nær og betydningsfull er ei universell, men krevjande og gjennomgripande livserfaring. Rom for sorg har inngått i det rituelle registeret i eit mangfald av tradisjonar. I Noreg har anerkjenninga av ein ekstraordinær situasjon, som kan samanliknast med den liminale fasen i eit tradisjonelt overgangsrituale, blitt sørga for av ein medisinsk ekspert ved hjelp av ein medisinsk diagnose.

Fritak frå vanlege plikter og ansvarsforhold, som opnar opp for rom for sorg, blir gjort mogleg i form av sjukmelding. Dette kan vere avgjerande frå eit medisinsk perspektiv, og hindre ein naturleg reaksjon i å utvikle seg til ein sjukdomstilstand. Men eit system der innvilging av rom for sorg blir gjort avhengig av ein medisinsk diagnose, er ei form for sjukleggjering i seg sjølv.  

Medikalisering av sorg medfører ein grad av vilkårlegheit. Det inneber å vere utsett for kontroll, ikkje berre av legane, men av det systemet legane sjølve er utsett for. Det kan slå tilbake, med fleire framtidige konsekvensar enn dei sørgande er klar over, og det kan også kjennast audmjukande og reduserande på det aktuelle tidspunktet.

Ei forlenging av foreldrepermisjon etter dødfødsel, inkludert farspermisjon, inneber ei anerkjenning som kan vere avgjerande, spesielt i byrjinga av ein sorgprosess. Med sorgpengar som eit mogleg tillegg, kunne innvilging av rom for sorg blitt ein annan rett frå velferdsstaten, utan sjukleggjering av mottakaren.  

Dette er en kortversjon av fagartikkelen «The Precarious Space for Mourning: Sick Leave as an Ambiguous Topic in Bereaved Parents’ Accounts of the Return to Everyday Life After Reproductive Loss» som er publisert i tidsskriftet Culture, Medicine, and Psychiatry i 2021 

i

Opprinnelig publisert i LUB-magasinet 2.21

Se også:

På tide å innføre sorgpermisjon i Norge? (Kronikk av fagsjef i LUB)

Foreldre som mister barn, trenger sorgpermisjon (debattinnlegg)