Av: Lina Kristine Tennefoss Vatshelle

Bokomslag - ultralydbilde
Senabort. Den usynlige sorgen
Av: Signe Veierud Busch
Humanist forlag 2023

Boka «Senabort» er skrive av Signe Veirud Busch, som opplevde å miste dottera Liv. Den tek for seg historia frå dei fann ut at dei venta born nummer fem, gjennom fødselen og i tida etterpå. I boka får vi òg møte sju andre kvinner som har gått gjennom tilsvarande.

Alle har vorte gravide med ønska born, og fått beskjed på ultralyd om at barnet er alvorleg sjuk. Nokon opplever å få ein dødsdom, andre må ta stilling til om dei vil forsetje eit svangerskap med ein alvorlig diagnose der barnet kan døy innan kort tid etter fødselen eller ha begrensa livskvalitet. Vi møter òg Fride, som går gjennom forstertalsreduksjon og fødar ein frisk tvillingbror i tillegg til barnet dei mistar. Vi møter sterke skildringar om korleis det kjennest å måtte møte i abortnemda, korleis det er å signere skjemaet der ein ber om abort, korleis det er å ta tablettane som avsluttar det ønska svangerkapet, tankar kring det å gje barnet eit namn og ein grav, samt tankar om å miste eit ønska barn samtidig som den polariserte abortdebatten rasar. 

Dette er boka eg gjerne skulle hatt då vi mista vårt barn. Samtidig er det ei bok eg ønskjer at helsepersonell, pårørande og politikarar les. Fleire av kvinnene i boka delar ei oppleving av at helsevesenet ikkje klarar å gje god nok oppfølging i ein slik situasjon.

Boka er delt opp i tre delar: «Graviditet og ventetid», «Abortfødselen og barnet» og «Når sykehusdørene lukkes». Boka er lettlese trass vanskeleg tematikk. Historiene er fortald gjennom kvinnenes ord, slik at boka opplevast meir gjenkjenneleg og mindre triggande enn tekstar skrive av fagfolk som ikkje har gått gjennom det same. Her møter vi mødre som har mista høgt elska born.

Boka inneheld òg samtaler med fagfolk og utdrag frå både lovverk og prosedyrar. Ho er godt eigna for alle som ønskjer meir kunnskap om emnet, anten ein er helsepersonell eller direkte rørt. Sjølv las eg boka frå perm til perm, men ho er òg lagt opp slik at ein kan slå opp einskilde tema etter ønskje.

Om bokmeldaren:

Lina Kristine Tennefoss Vatshelle er frivillig i LUB, ambulansearbeidar og skribent frå Os. Ho mista Oskar i ein medisinsk seinabort i veke 22 på grunn av misdanningar i 2019.

i