Eg vaknar etter ni dagar i koma, er åleine blant framande folk, i framande rom, i eit framand liv, spøkjelsesaktig stille. Eg er på sjukehuset, men Jim, sambuaren min, får ikkje vere hos meg fordi landet er stengt ned.

Då eg vart innlagt, var magen stor, no er det ingenting igjen. Alt eg hadde og alt eg drøymde om, vart rive bort i løpet av ein augneblink.

Eg ønskjer eg kunne vere der Wiljar er. Heller død enn i dette nye, mørke, dumme, tomme livet.

Det er mars 2020. Mens statsministeren vurderte å stengje ned landet på grunn av koronapandemien, mista eg mitt einaste barn.

Det var fem veker til termin. Etter fleire dagar med smerter og dårleg form og mange forsøk på å få sjekka årsaka, vart eg endeleg undersøkt og innlagt på sjukehuset.

For Wiljar kom hjelpa for seint. Eg hadde ein uoppdaga blodforgifting, og på grunn av diverse komplikasjonar, vart eg lagt i koma etter akutt keisarsnitt. Som følgje av komplikasjonane og for å redde livet mitt, måtte legane fjerne livmora.