I august 2010 skulle vår familie på 4 komplementeras med ein liten bror. Mannen min og eg tenkte at ein familie på 5 ville vera fint, og to jenter på 8 og 5 år var jamt spente. Arne Lothar var venta i starten av august, men hans entre endra vår verden, og på ein heilt anna måte enn me hadde sett føre oss. Eit døgn etter at det vart roleg i min mage, kom han i ein stille fødsel. Ein stor perfekt gut, ein lang navlestreng og mange krumspring gjennom heile svangerskapet som til slutt slo knutar på mogelegheita for liv.

Det å ivareta jentene våre var det som vart viktig for oss. Dei hadde og eit tap, og me som foreldre ynskja å vite litt om korleis me skulle møte dette. Men tilbodet til søsken som var i sorg etter å ha mista eit sysken, fants ikkje i vårt område. Mi eiga utdanning som sosionom, vanen med å snakke med menneske i vanskeleg situasjonar strakk ikkje til samstundes som eg skulle ivareta meg sjølv og mi sorg.

Diakonen i vår kyrkjelyd hjalp meg med å koma i kontakt med LUB. Slik fekk me høve til å møte menneskjer med den erfaringa me trengde for å få meir kjennskap til det me stod i. Me fekk koma på ei helg for nyramma i løpet av kort  tid. Det var overveldande at me var så mange som opplevde dette. Samstundes som det var godt å møte andre som sat med same kjensler, undringar, og som kunne bekrefte oss der me var.

Det er i dette arbeidet eg trur LUB har ei viktig rolle. Det at me er ein møteplass, på ulike arenaer, kor ein kan møte andre i same situasjon. Kor erfaringa kan utvekslast, og kor ein kan sjå at livet vil ikkje alltid vera mørkt, møte menneske som vil høyre, og kor ein kan fortelje og kor der er rom til barnet ein har med i hjarta. Vårt fylkeslag har fleire slike møteplasser. Det drives sorggrupper, individull oppfølging av foreldre, familietreff, kurs og minnesamlingar. Fylket har fleire medlemmer som har teke likepersonstøtte for å vera rusta til å ivareta foreldre etter tap av barn.  Samstundes har me vore oppteken av å nå fram med informasjon så tidleg som mogeleg. Det er eit godt samarbeid med sjukehusa i fylket, som deler ut ein minneboks me har laga. Sjukehuset melder ved behov for nye boksar og me leverer.

4 år etter me mista Arne Lothar kom Håkon. Han er vårt hjarteplaster for det som hadde gleda oss slik i 2010. I dag ser eg litt slik på det. I kvardagen følger eg opp Agnete Kristine, Margaret og Håkon med det dei treng, og når eg er med LUB, då har eg Arne Lothar tid. For eg er jo mor til 4.

Det som driv meg er at eg veit noko om kor viktig er det er å bli ivareteken i den vonde tida etter tapet, og at omsorg, både egen og den andre gjev deg, er gull verd når ein skal navigere vidare.

Familiebilde
Familien i dag.